Oselvaren vart Norges Nasjonalbåt

Redningsselskapet har i fleire månader hatt ei SMS-kåring gåande om kva båt som fortener tittelen som Norges Nasjonalbåt. Lenge stod det mellom Åfjordsbåt frå Trøndelag og Oselvaren, men sundag kveld kasta trønderane inn handkledet. Dermed var det klart at Oselvaren no kan kalla seg for Norges Nasjonalbåt.

Oselvar er ein tradisjonsbåt med over 2000 års historie. Båttypen var svært vanlig blant folk i ytre strok av Hordaland i gamle dagar. Namnet stammar fra Os, der nokre båtbyggjarar på midten av 1700-tallet bygde båtar ved utlaupet av Oselva, derav namnet Oselvar.

 

Oselvaren er ein fantastisk regattabåt som stiller krav til mannskapet. Det har vore stor aktivitet rundt Oselvaren mange stader i Hordaland og båten har i dag eige Norgesmesterskap.

 

For meir informasjon om Oselvaren, kan du sjå www.oselvar.no

 

 

oselvaren.jpg    
 
Askøy Seilforening
Austevoll Seilforening
Bergens Seilforening
Bergen brettseilerklubb
BSI Seiling
Båtlaget Njord/Tysnes
Hardanger Seglklubb
Hjellestad Seilforening
Milde Båtlag
Nordhordland Seilforening
Os Seilforening
RAN Seilforening
Sjøkrigsskolen
Stord Seilforening
Sveio Seilforening
Ølen Båtsportsklubb
Åsane Seilforening
Norlys
Norges Seilforbund
ISAF